Visualisering

Arkitektonisk-, strukturell- eller landskapsmessig utforming av ein bygning, eit anlegg eller eit område, kan starte som enkle handteikna strekteikningar.

I dag går utformingsarbeidet av prosjektet tidlegast mulig over til digitale konseptmodellar og vidare til 3d-perspektiv med ulike farge-, lyssetting,- og detaljnivå.

3D-visualisering har fleire fordelar for både den som prosjekterar og for kunden som gjerne har forventningar til det ferdige resultatet. Modellane gjengir det ferdige produktet mykje nærare virkeligheita enn eksempelvis 2d-teikningar, handskisserte eller eventuelt malte bilder. Med 3d-modellering betrar ein kvalitetssikring ved at ein finn eventuelle avvik eller kollisjonar i ein tidlegare fase. Ein kan gjere endringer i utforminga som raskt kan visualiserast, og er oftast enklare for kunden å ta stilling til, samanlikna mot 2d- eller handteikningar.

Vi utarbeidar visuelle presentasjonar av forskjellige alternativ fra tidlegfase til endeleg løysing utfra kunden sine krav og forventningar. Vi lagar òg fotomontasje der dette er hensiktsmessig for kunden.

Kontaktpersonar

Avdeling for Planarbeid / Infrastruktur

Tore Liaskar

Prosjektingeniør
Mob:
41 69 76 25
E-post:
tore@mulvik.no

Våre tenester