Søknad

Dersom ein grunneigar ynskjer å få utført arbeid på eiga bustadtomt eller næringsareal, løyser det som regel ut krav om søknad til kommunen og andre offentlege mynde. Er saka di kompleks? Har saksgangen stansa opp? Mulvik er blant dei leiande i området på meir avanserte saker og klarer i dei fleste tilfelle å hjelpe deg med nettopp di sak.

Enkelte tiltak kan ein byggje utan å søkje, men i mange tilfelle viser unntaksregelen seg ikkje brukbar. Er du usikker på om dette gjeld deg og ditt byggjetiltak, sjekk først ut dibk.no. Her finn du ofte svar på dei enklare sakene.

I mange tilfelle har også kommunane eigne vedtekter som må fylgjast, dette kjem ikkje alltid fram og det kan være lurt å kople inn ein rådgivar.

Ansvarleg søkjar:

I fylgje plan og bygningslova § 23-1, er tiltak som vert omfatta av § 20-3 pålagt å ha ein kvalifisert ansvarleg søkjar. Det gjeld i grove trekk dei fleste byggjeprosjekt og terrengarbeid. Mindre bygningsarbeid, som td. ein lettvegg eller ein liten støttemur, er mogleg å søkje om sjølv.

Mulvik har lang erfaring med rolla som ansvarleg søkjar. Vår erfaring i kombinasjon med dedikerte sakshandsamarar gjer at søknadane vi leverar er av ypparste kvalitet. For deg som byggherre, vil vi kunne vere din representant ovanfor kommunen. Vi syter for at dine interesser vert ivaretekne gjennom heile saksgangen.

Uavhengig om du treng hjelp med nokon enkelte søknadar eller ynskjer oss som ansvarleg søkjar, er vi effektive og pålitelege. Eksemplar på ofte forekomande søknadar etter plan og bygningslova:

  • Søknad om løyve til tiltak.
  • Nabovarsling.
  • Søknad om dispensasjon.
  • Søknad om bruksendring.
  • Søknad om tiltak til arbeidstilsynet.
  • Søknad om tiltak til Statens vegvesen.
  • Søknad om midlertidig bruksløyve.
  • Søknad om ferdigattest.

Vi kan bistå  som rådgjevar eller ansvarleg søkjar frå idefase til bruksløyve er gjeve.

 

 

Kontaktpersonar

Avdeling for Bygg og Konstruksjon / Planarbeid

Idar Hagen

Sivilingeniør
Mob:
91 58 98 79
E-post:
idar@mulvik.no

Knut Krøvel

Sivilingeniør
Mob:
47 48 20 72
E-post:
knut@mulvik.no

Ove Rønning

Byggingeniør
Mob:
48 10 64 65
E-post:
ove@mulvik.no

Ingrid Solhaug Hovde

Sivilingeniør
Mob:
90 87 49 10
E-post:
ingrid@mulvik.no

Rune Wetterhus

Prosjektingeniør og takstmann MNT
Mob:
99 10 47 85
E-post:
rune@mulvik.no

Våre tenester