Om oss

Mulvik er eit rådgivande ingeniørforetak som tilbyr tenester innanfor prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid, og taksering.

Foretaket vart skipa i 1972 av Ing. Per Mulvik, som då starta for seg sjølv, og har deretter utvikla seg i storleik og fagbreidde. Selskapsform vart endra til aksjeselskap i 1987. Foretaket har i dag 17 fast tilsette, dei fleste med teknisk utdanning hovudsakleg på bachelor- (BSc) og masternivå (MSc) frå høgskule og universitet.

Mulvik AS held til i moderne kontorlokale i Volda sentrum på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Her er vi sentralt plassert 5 min frå Ørsta/Volda Lufthamn og effektive vegsamband mot regionane rundt Ålesund, Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Fosnavåg og Stranda på Sunnmøre, og Nordfjordeid, Hornindal, Stryn, Gloppen og Måløy i Nordfjord. Vi har avdelingskontor i Stryn med fast bemanning. I tillegg har foretaket avdelingskontor i Ulsteinvik og Nordfjordeid.

Foretaket er autorisert medlem av Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) og av Norsk Takst.

 

Våre tenester