Mulvik AS har sidan 1972 levert rådgivande ingeniørtenester innan byggjeteknikk, kommunalteknikk, byggjeleiing, arealplan, oppmåling og taksering. Firmaet med 16 tilsette har hovudkontor i Volda og  avdelingskontor i Stryn. Vi ynskjer å styrke staben og har ledige stillingar for snarleg tilsetjing:

DAGLEG LEIAR

Korleis blir arbeidskvardagen din?

  • Overordna ansvar for selskapet si daglege drift og strategiske utvikling
  • Leiing og motivering av tilsette for å oppnå fastsette mål og resultat
  • Utvikling og gjennomføring av forretningsstrategiar i tråd med selskapets mål
  • Sikring av effektiv ressursbruk og økonomisk styring
  • Representasjon av selskapet ovanfor kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar

Kva ønskjer vi frå deg?

  • Relevant høgare utdanning innan leiing, økonomi, eller tilsvarande
  • Minimum 3 års erfaring frå leiarstillingar, gjerne innan bygg og anlegg
  • Sterke leiareigenskapar med dokumenterte resultat
  • God økonomisk forståing og erfaring med budsjett- og resultatansvar
  • Evne til inspirasjon og teamleiing i ein dynamisk og krevjande kvardag

Kva kan vi tilby deg?

  • Ei spanande og utfordrande leiarstilling i eit veletablert selskap
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode utviklingsmoglegheiter og eit støttande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å være med på utforminga av selskapet si framtid

 

Send din søknad og CV til Askjell Våge på e-post askjell@avage.no innan 15.08.2024.

 

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt Askjell Våge på e-post: askjell@avage.no

 

 

TAKSTMANN

Arbeidet vil primært bestå av skadetaksering og tilstandsrapportering for bustadsal. Gjennomført utdanning som takstmann vil verte vektlagt. Men takstutdanning vil bli gitt gjennom Norsk takst med krav om sertifisering.

Vi søkjer primært etter personar med:

  • relevant utdanning på minimum byggmeister/fagskulenivå.
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • gode datakunnskapar.
  • evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid.

Mulvik AS tilbyr stor grad av fridom i forming av stillinga. Du vil få fleksibel arbeidstid og vi har eit svært godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Ottar M. Skare på tlf. 90023835 eller e-post til ottar@mulvik.no.

Søknad med CV og referansar sendast til firmapost@mulvik.no , eller:

Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.