I mehald av Pbl § 12-8 varslar ein med dette om oppstart av «detaljreguleringsplan for bustadar i Kvievegen 8 – Sæbø» PlanID: 2025002.
Målet med planen er å omregulere gnr. 169 bnr 105 frå offentleg barnehage til bustadføremål slik at eksisterande bygning kan nyttast til bustad med tilhøyrande garasje. Samt leggje til rette for at eigendomen på sikt skal kunne utviklast for inntil 4 bueiningar som eine- og/eller tomannsbustadar, med tilhøyrande garasje.
Planområdet ligg på Sæbø i Ørsta kommune. Planområdet utgjer ca 2,3 daa.
Tiltaket er vurdert opp mot §6b og 10 i forskrifta om konsekvensutgreiing, tiltaket er ikkje i tråd med overordna plan, men sidan tiltaket er målt til under 15 daa og elles utan vesentlege verknadar for miljø og samfunn vurderer vi det slik at ein ikkje løyser krav om verken planprogram og konsekvensutgreiing.
Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla i eige skriv. For meir informasjon kan ein kontakte
- Planleggjar: Mulvik AS v/Freya Urban – 95524411 – freya@mulvik.no
Varslingsbrev med kartutsnitt og andre vedlegg er lagt ut på kommunen si heimeside; www.orsta.kommune.no. Samt på Mulvik AS si heimeside; www.mulvik.no.
Namn på planen er: «Detaljreguleringsplan for bustadar i Kvievegen 8 – Sæbø», med nasjonal arealplanID: 1520 2025002.
Eventuelle innspel til planarbeidet merkast med «Detaljreguleringsplan for bustadar i Kvievegen 8 – Sæbø, PlanID: 1520 2025002» og sendast anten som e-post til: freya@mulvik.no eller som brev til: Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda. Kopi til kommunen er ikkje naudsynt då innspela følgjer planframlegget.
Frist for innspel: 13.03.2025
-Mulvik AS-