Per Mulvik AS 50 år!

Nyheiter | 21. okt 2022

I 1972 vart føretaket Ingeniør Per Mulvik etablert. Først som enkeltpersonsføretak og seinare, i 1987 som aksjeselsskap. Per Mulvik AS feirar i desse dagar 50 år som ingeniørkontor!

Firmaet har i desse åra vekse til 14 tilsette, med kontor i Volda og i Stryn, samt på Nordfjordeid igjennom samarbeid. Vi har ei brei kundegruppe innanfor fagområda takst, byggjeteknikk, kommunalteknikk og planarbeid. Nedslagsfeltet til føretaket er hovudsakleg Sunnmøre og Nordfjord, men ved førespurnad tek vi på oss oppdrag i heile landet.

I tillegg har prosjektingeniør og planleggjar Jan Magnus Ose ved nyttår våre tilsett i 25 år, noko vi sjølvsagt også feirar!

Les gjerne artikkel i lokalavisa «Møre»:

https://mre.no/nyhende/mulvik-i-50-ar/19.14450