Ny takstmann

Nyheiter | 28. feb 2023

Per Mulvik AS ynskjer Robin Urke velkomen som ny takstmann hjå oss frå 1. Mars 2023!

Robin Urke er utdanna fagskuleingeniør og kjem frå stillinga som driftsoperatør i Ørsta kommune. Han er også utdanna tømrar, dette gir eit godt grunnlag når han tek til som taktstingeniør etter sertifisering i Norsk Takst, og fullført utdanning ved Norges eigedomsakademi.

Hovudsakleg vil Urke arbeide skadetaksering og prosjekt/byggjeleiing i tilknyting til dette. Geografisk område vil vere Sunnmøre og Nordfjord.