Faste kontordagar i Stryn

Nyheiter | 19. okt 2022

I høve ei stadig aukande oppdragsmengd i området, vel Per Mulvik AS å bemanne kontoret i Stryn med planleggjar kvar Tysdag, og prosjektingeniør kvar Torsdag.

Planleggjar Andreas Standal Eikrem og prosjektingeniør Gunnar Ingvald Frøholm vil vere tilgjengelege desse dagane. Vi kan syne til fleire små og store prosjekt i regionen. Dersom du har eit prosjekt kan du gjerne ta kontakt på telefon, e-post eller kome innom kontoret i Stryn Tysdagar eller Torsdagar for å diskutere dette.

Prosjektingeniør Gunnar Ingvald Frøholm kan nåast på telefon 406 09 235 / e-post: gunnar@mulvik.no

Planleggjar Andreas Standal Eikrem kan nåast på telefon 909 47 557 / e-post: andreas@mulvik.no