Ekskursjon i nærområdet for å sjå på løysing for infiltrasjon

Nyheiter | 05. jul 2023

Per Mulvik AS ved avdeling for plan og kommunalteknikk arbeidar mykje med planlegging av lokal overvasshandtering, dryging av overvatn og infiltrasjon. Dette er problemstillingar som må løysast i nær alle prosjekt.

I samarbeid med Volda kommune fekk vi onsdag 05.07 ein demonstrasjon av Permakum med permeable kumringar som er under funksjonstest i Volda. Kommunen kom også med tankbil, slik vi fekk studert korleis kummen handterte om lag 1000 liter vatn på 2 minutt. Dette gav grunnlag for god diskusjon i etterkant.

Per Mulvik AS takkar så mykje til Volda kommune for demonstrasjonen!