Per Mulvik AS har sidan 1972 levert rådgjevande ingeniørtenester innan byggeteknikk, byggeleiing, kommunalteknikk, arealplan, oppmåling og taksering. Firmaet har 11 tilsette og opererer frå hovedkontoret i Volda sentrum og frå avdelingskontor i Stryn og på Nordfjordeid. Grunna stor oppdragsmengde ynskjer vi å styrke kapasiteten og har ledige stillingar for snarleg tilsetjing:
 
INGENIØR / SIVILINGENIØR KOMMUNALTEKNIKK
Primæroppgåver for stillinga:
  • Prosjektering og beskrivelse av kommunaltekniske anlegg (primært veg-, vatn- og avløpsanlegg).
  • Byggesakshandsaming
  • Prosjekt- og byggeleiing
  • Landmåling
 
INGENIØR / SIVILINGENIØR KONSTRUKSJON/ BYGGETEKNIKK
Primæroppgåver for stillinga:
  • Prosjektering og beskrivelse av betong-, stål- og trekonstruksjonar
  • Byggesakshandsaming
  • Prosjekt- og byggeleiing
 
Til stillingane søkjer vi etter personar med:
  • relevant utdanning på MSc- eller BSc-nivå
  • relevant praksis, men også nyutdanna oppfordrast til å søkje
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid, samt fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver
 
Vi tilbyr:
  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstid
  • godt arbeidsmiljø
  • konkurransedyktige vilkår
 
Spørsmål om stillingane rettast til firmapost@mulvik.no eller telefon 70 07 49 90. Besøk: www.mulvik.no. Skriftleg søknad med CV, referansar, attestar og vitnemål sendast til firmapost@mulvik.no. Søknadsfrist:  31.01.2021.