ByggeleIING
For å oppnå eit vellykka prosjekt, samt å sikre forutsigbarheit, er det viktig å styre prosjektet slik at økonomi, framdrift og kvalitet blir ivaretatt på ein trygg og god måte. Dette omfattar kontrahering av entreprenørar og leverandørar for ulike roller i prosjektet, budsjettering og økonomistyring, framdriftsstyring, HMS-koordinering, samt behandling av ulike typar uforutsette behov undervegs, og økonomistyring i samband med desse. Byggeleiar engasjerast av utbyggar, eller eigar, av bygget som skal førast opp (byggherren), og har funksjon som avløysar eller fullmektig for byggherren i byggefasen. Byggeleiaren si oppgåve er å ta hand om byggherren sine plikter og rettigheiter i forhold til Forskrift om sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge- eller anleggsplasser (Byggherreforskrifta), som fastsett aktuelle forhold i samband med dette. Hovudformålet med forskrifta er å sikre at sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge- eller anleggsplassen blir ivaretatt. |
Kontakt for byggeleiing: Kjell Roen Tore Liaskar Rune Wetterhus Idar Hagen |