Nytilsett prosjektingeniør på avdeling for Bygg og Konstruksjon

Nyheiter | 07. okt 2022

I august tok Margit Lidal til som prosjektingeniør på avdeling for Bygg og Konstruksjon hjå Per Mulvik AS. Lidal har fullført 4. år på utdanning som sivilingeniør på Noregs miljø- og biovitskapleg universitet (NMBU) i Ås. Ho har no teke eit lite avbrekk frå studie for å flytte til Volda og satse på handball.

I samband med dette ønska ho ein relevant jobb som kunne kombinerast med handballen. Per Mulvik AS spelar som stolt sponsor på lag med handballen, og tilbydde Lidal stillinga som prosjektingeniør.

Sjå elles artikkel om tilsettinga i Sunnmørsposten:

https://www.smp.no/sport/i/q1RvgE/sivilingenioer-og-eliteseriespelar-23-aaringen-blei-tilsett-hos-sponsor