Detaljregulering | Volda kommune
Mulvik AS er plankonsulent for detaljreguleringsplanen for Sorenskrivargarden i Skjervavegen 10 i Volda. Planarbeidet omfattar eigedomen gbnr. 19/14 og har planID 2024001.
Om prosjektet
Formålet med reguleringsplanen er å omregulere eigedomen frå offentleg tenesteyting til bustadformål, slik at eksisterande bygning kan nyttast som bustad. Eit sentralt premiss i planarbeidet er å ta vare på og vidareføre den vernestatusen eigedomen er underlagt.
Planen legg ikkje til rette for ny utbygging, men for ei omdisponering av eksisterande bygningsmasse, i tråd med kulturhistoriske og planfaglege omsyn.
Planstatus og rammer
I gjeldande reguleringsplan for Volda sentrum (planID 1965001) er eigedomen regulert til offentleg bebyggelse, med unntak av eit mindre område mot nord som er uregulert. I gjeldande kommunedelplan (planID 2016005) er området hovudsakleg avsett til offentleg eller privat tenesteyting, med tilgrensande blå/grønstruktur.
Volda kommune er i gang med ny områderegulering for sentrum, og har akseptert plangrensa slik ho er vist i planarbeidet.
I samråd med kommunen er det avklart at planarbeidet ikkje krev konsekvensutgreiing eller planprogram, då tiltaket gjeld ei einskild tomt og ikkje inneber ny utbygging.
Mulvik si rolle
Mulvik AS har ansvar for den planfaglege gjennomføringa av detaljreguleringa, inkludert dialog med kommunen, utarbeiding av reguleringsplankart, føresegner og planomtale, samt oppfølging gjennom planprosessen fram til politisk handsaming.
