Detaljregulering | Ørsta kommune
Mulvik AS er plankonsulent for detaljregulering av Bryggekvartalet i Ørsta sentrum. Planarbeidet omfattar eit sjønært område på om lag 3,9 daa, lokalisert mellom Webjørn Svendsengata og Ørstafjorden.
Om prosjektet
Målet med reguleringsarbeidet er å leggje til rette for ei revitalisering av eit sentrumsnært område som over tid har vore lite nytta. Planen opnar for vidareutvikling av eksisterande bygningsmasse til eit kombinert bustad-, kontor- og bevertningsområde, i tråd med gjeldande områdeplan for Ørsta sentrum.
Prosjektet har som ambisjon å skape auka aktivitet i området og styrkje tilbodet både for innbyggjarar og tilreisande, med attraktive bustader og servicetilbod i sjøkanten.
Planstatus og rammer
Planområdet er del av områdeplan for Ørsta sentrum (planID 2015009), og omfattar mellom anna følgjande formål:
- Bustad / tenesteyting / kontor / bevertning
- Offentleg gangveg og strandpromenade
- Offentleg køyreveg og fortau
- Torg og grøntareal
I tillegg er det teke omsyn til flaumfare, støyforhold og krav om felles planlegging.
Mulvik si rolle
Mulvik AS har ansvar for planfagleg utarbeiding av detaljreguleringa, dialog med kommunen og koordinering av planprosessen i tråd med plan- og bygningslova. Arbeidet omfattar mellom anna reguleringsplankart, føresegner og planomtale, samt fagleg oppfølging gjennom heile prosessen.
Aktørar
Forslagsstillar:
Din Bolig AS, Ørsta
Plankonsulent:
Mulvik AS
