Om oss
Mulvik er eit rådgivande ingeniørfirma som samlar prosjektering, plan og kontroll i eitt og same fagmiljø. Vi leverer presise og etterprøvbare løysingar innan bygg og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggleiing, landmåling, planarbeid og taksering.
Historia til Mulvik AS
Starten på det som seinare skulle bli Mulvik AS, tok form på eit uventa vis tidleg på 1960-talet. Ein ingeniør var på veg ned eit fortau i Oslo då ein studiekamerat – Per Mulvik – lente seg ut av eit ope vindauge og kom med eit forslag som skulle endre framtida:
«Skal vi ikkje starte ei bedrift saman – og flytte til Sunnmøre?»
Handtrykket dei tok der og då vart starten på ein idé – og grunnlaget for ei verksemd som skulle vare. Denne idéen munna ut i etableringa av eit firma i Ørsta i 1962. Dei dreiv i lag i kontor i Ørsta sentrum heilt fram til 1971, då dei vart samde om å dele kundemassa og arkivet.
I januar 1972 grunnla ingeniør Per Mulvik formelt dagens verksemd som personleg firma i Volda. Då Per Mulvik pensjonerte seg, tok kollegaane Per Schjelderup og Uno Lundberg over drifta og danna aksjeselskap i 1987. Firmaet fekk då namnet Per Mulvik AS.
«Skal vi ikkje starte ei bedrift saman – og flytte til Sunnmøre?»
Frå vidareføring til vekst
Ottar M. Skare byrja i firmaet i 1990, og tok over som eigar og leiar i 1995 etter Per Schjelderup gikk av med pensjon. Han vidareutvikla selskapet gjennom fleire tiår. Verksemda voks vidare, og i 2019 vart det etablert avdelingskontor i Tonningsgata 27 i Stryn.
I 2024 fekk verksemda nye eigarar og nytt namn – frå Per Mulvik AS til Mulvik AS. Namneskiftet markerte ei vidareføring av arven, men også eit steg inn i ei ny tid der kompetanse, fagleg tyngde og historie framleis står sentralt, men med fornying og vidare vekst som klare mål.
I dag er Mulvik AS ei tverrfagleg verksemd med solide røter på Sunnmøre og oppdrag over heile landet. Kjernen er likevel den same som ved handtrykket gjennom eit vindauge for over 60 år sidan. Å sjå moglegheiter – og gripe dei.
Fagmiljøet vårt
I dag er vi 17 faste medarbeidarar, dei fleste med teknisk utdanning på bachelor- og masternivå frå høgskular og universitet. Kompetansen spenner frå plan og prosjektering til oppmåling, byggleiing og taksering.
Felles for oss er fokus på struktur, nøyaktig dokumentasjon og gode prosessar som toler kvalitetssikring.
Kva vi leverer
- Prosjektering av bygg og anlegg
- Kommunalteknikk
- Prosjekt- og byggleiing
- Landmåling
- Planarbeid
- Taksering
Slik jobbar vi
Kartlegging av mål og rammer → faglege vurderingar med opne premiss → leveranse av teikningar, rapportar og dokumentasjon → oppfølging i byggjeprosessen ved behov. Heile vegen legg vi vekt på klar kommunikasjon, sporbar metode og løysingar som står seg i møte med krav frå myndigheiter, finans og entreprenørar.
Kontor og nærleik
Vi held til i moderne lokale i Volda på Søre Sunnmøre, og har avdelingskontor i Stryn og Nordfjordeid. Plasseringa gir korte reiseavstandar og rask oppfølging, med Ørsta/Volda lufthamn fem minutt unna og effektive vegsamband i alle retningar.
Kvifor velje Mulvik AS?
Lang erfaring
Over 50 år i bransjen med solid lokal forankring.
Tverrfagleg kompetanse
Ingeniørar med bachelor- og mastergrad frå høgskule og universitet.
Lokal tilstadesveving
Kontor i Volda, Stryn og Nordfjord for tett oppfølging.
Moderne teknologi
3D-skanning og digital prosjektering for presise resultat.
