Bakgrunn
Ove Rønning er ingeniør innan byggeteknikk og jobbar i Mulvik AS med prosjektering og konstruksjonsløysingar. Han har utdanning frå Møre og Romsdal Ingeniørhøgskule, bygg- og anleggslinje, samt tilleggsutdanning i marin teknologi frå Agder Ingeniør- og distriktshøgskule.
Ove har over 40 års erfaring frå rådgjevande ingeniørverksemd innan bygg, og har arbeidd med eit breitt spekter av prosjekt innan både betong- og stålkonstruksjonar. Han har særleg sterk kompetanse innan 3D-modellering, teikningsproduksjon og detaljering, og er ein sentral ressurs i utarbeiding av solide og gjennomførbare konstruksjonsløysingar.
Gjennom karrieren har Ove vore involvert i ei rekkje industri-, nærings- og byggeprosjekt, der nøyaktig dimensjonering, statiske berekningar og gode fundamenteringsløysingar har vore sentrale oppgåver.
Spesialfelt og kompetanse
-
3D-modellering og teikningsproduksjon
-
Form- og armeringsteikningar
-
Fundamentering og konstruksjonsløysingar
-
Statiske berekningar
-
Dimensjonering og detaljering av betong- og stålkonstruksjonar
Referanseprosjekt
-
Innvik AS – Prosjektering av nytt fabrikkbygg (2022), prosjektmedarbeidar
-
VØR AS – Prosjektering av nytt sorteringsanlegg (2021), prosjektmedarbeidar
-
BMH Bygg AS – Prosjektering av nytt hotell på Sandsøy i Sande kommune (2021), betong- og stålkonstruksjonar
