Kay Are Urkegjerde

Takstingeniør – Fullmektig

Om

Kay Are Urkegjerde
Takstingeniør / bygningssakkyndig
Kontorstad: Volda

Kay Are Urkegjerde er takstingeniør og bygningssakkyndig i Mulvik AS. Han har bakgrunn som tømrar og brei erfaring som byggeleiar, og kombinerer praktisk byggekompetanse med god forståing for gjennomføring av byggeprosjekt.

Han har bachelor som yrkesfaglærar innan bygg- og anleggsteknikk, og har dei siste ti åra undervist ved Ørsta vidaregåande skule. Gjennom dette arbeidet har han opparbeidd seg solid fagleg innsikt og formidlingsevne, samt eit sterkt fokus på kvalitet og yrkesstoltheit i byggfaget.

Kay Are byrja i Mulvik AS 1. februar og er no i eit utdanningsløp som takstfullmektig fram mot autorisasjon innan tilstandsanalyse og verdivurdering. Han arbeider med takstoppdrag og byggfaglege vurderingar, og er oppteken av grundige og forståelege leveransar for kundane.

Spesialfelt og kompetanse

  • Tilstandsanalysar og verdivurdering (under autorisasjon)
  • Byggfaglege vurderingar
  • Praktisk byggjeerfaring og utføring
  • Oppfølging og gjennomføring av byggeprosjekt