Bakgrunn
Jan-Norvald Jønsson er MNT-takstingeniør og byggmeister i Mulvik AS, med svært lang og brei erfaring frå byggfaget og taksering av bustader.
Han har arbeidd som tømrar sidan 1985 og vart byggmeister i 1999. Etter mange år i praktisk byggeverksemd har Jan-Norvald òg bakgrunn som lærar i byggfag ved Ørsta vidaregåande skule. Frå 2010 til 2019 jobba han som skadetakstmann i Gjensidige, før han gjekk vidare som takstingeniør i Mulvik AS, der han har vore tilsett sidan januar 2016.
Kombinasjonen av lang praktisk byggfagleg erfaring, undervisning og mange år med taksering gjer Jan-Norvald til ein svært erfaren og trygg fagperson innan bustadtaksering.
Spesialfelt og kompetanse
-
Verditaksering av bustad
-
Tilstandsrapportar
-
Byggelån og førehandstaksering av byggeprosjekt
-
Skade- og byggfaglege vurderingar
Referanseprosjekt
-
Byggeleiar for Rokken studenthus (fram til sommaren 2005)
-
Utført over 2 000 tilstandsrapportar
