Mulvik i ny drakt

Mulvik i ny drakt

Det siste året har vore meir krevjande enn vi har vore vane med i bygg- og eigedomsbransjen. No brukar vi tida til å rigge oss for neste fase. Difor lanserer vi ny logo, nytt slagord, ny heimeside og større kontor på Spinneriet i Volda.

Målet er enkelt: Vi skal vere meir synlege, meir tydelege – og meir relevante for kundane våre.

Mange kjenner oss først og fremst som eit takstselskap. Det er vi framleis stolte av, og det skal vi halde fram med å vere gode på. Samstundes har vi sterke fagmiljø innan planarbeid, prosjektering, byggeleiing, byggjesøknadar og brannteknikk. Vi ønskjer at fleire skal få auge på breidda i det vi leverer.

Når ein utviklar eigedom eller område, er det ofte mange aktørar og prosessar involvert. Vår ambisjon er å vere eit trygt bindeledd – både mellom søkjar og myndigheit, og mellom idé og ferdig resultat. Når vi leverer, skal arbeidet vere skikkeleg utført. Det er sluttproduktet som tel, ikkje talet på timar bak.

Det nye slagordet vårt er «Vår signatur, din garanti». For oss betyr det at vi tek fullt ansvar for det vi leverer. Når vi set signaturen vår på eit dokument, står vi inne for fagleg kvalitet, grundige vurderingar og ryddige prosessar. Det er dokumentet og konklusjonane vi tek betalt for – ikkje tida åleine.

Sjølv om marknaden har vore roleg, nyttar vi perioden til å styrkje oss. Framover ønskjer vi å byggje vidare på solide fagmiljø både i Volda og Stryn, og etter kvart også utvide staben.

Vi er dei same folka – men i ei ny drakt. Og vi gler oss til fortsettinga.

Del dette innlegget

Facebook
X
LinkedIn

Fleire nyhende