Om
Rune Wetterhus er prosjekt- og takstingeniør i Mulvik AS og har lang og brei erfaring innan takstfaget. Han har opparbeidd seg solid og anerkjend kompetanse gjennom mange år i bransjen, med særleg tyngde innan skade- og reklamasjonssaker.
Han har bakgrunn frå både kommunal forvaltning og entreprenørverksemd, noko som gir han inngåande kjennskap til regelverket som ligg til grunn for både offentlegrettslege krav og entrepriserett. Denne breidda gjer han til ein trygg fagperson i komplekse saker der både tekniske og formelle vurderingar er avgjerande.
Rune har òg omfattande erfaring med prosjektleiing frå ei rekkje komplekse prosjekt av ulik storleik, og bidreg aktivt i utvikling og styring av prosjekt frå idéfase til ferdig produkt.
I tillegg har han ei særleg interesse for brannfag etter mange års teneste i lokalt brannvesen, og har både fagleg kompetanse og eit relevant nettverk innan brannsikringsfaget.
Spesialfelt og kompetanse
- Reklamasjons- og tvistesaker
- Skadetaksering av bygningar og anlegg
- Prosjektutvikling og prosjektleiing
- SHA-koordinator
- Brannrådgjeving
