Når ein bygning eller eit anlegg blir ramma av vasslekkasje, brann, flaum, setningar eller anna skade, treng du ein nøytral og fagleg vurdering. Skadetaksering frå Mulvik dokumenterer skadeomfang, årsak og kostnader knytte til utbetring.
Når treng du skadetaksering
- ved forsikringssak etter brann, lekkasje, naturskade eller andre hendingar
- når det er usemje om omfanget av skaden eller val av reparasjonsmetode
- som grunnlag for prioritering og plan for utbetring
Dette leverer vi
- synfaring og målingar (til dømes fuktmåling, nivellering, fotodokumentasjon)
- vurdering av skadeårsak og følgjeskadar
- kostnadskalkyle for utbetring, eventuelt midlertidige tiltak
- skriftleg takstrapport som kan brukast ovanfor forsikring, entreprenør eller offentlege instansar
Slik jobbar vi
Vi stiller med autorisert takstfagleg kompetanse og er godkjende for skadetaksering, inkludert naturskadar. Arbeidet skjer uavhengig og etter gjeldande standardar, med tydeleg dokumentasjon av føresetnader og metode.
