PLANARBEID

 

Vi utarbeider reguleringsplanar for både private og profesjonelle aktørar – det være seg enkelttomter eller større bustadområde, hyttefelt, industriområde m.m.

Visualisering er blitt ein viktig del av arealplanlegginga og utgjer difor eit satsingsområde for oss. Vi søkjer alltid å imøtekome kunden sine ønskje og utviklar prosjektet i høve gjeldande regelverk og rammer. I dette arbeidet legg vi stor vekt på ein tett og god dialog både med kunde og aktuell kommune.

Detaljeringsgrad vurderast frå prosjekt til prosjekt, men generelt gjennomfører vi planlegginga i 3D der stigning på vegar, VA-tekniske løysingar etc. vert vurdert. Dermed blir grunnlaget for seinare detaljprosjektering av tiltaket lagt allereie i planfasen.

Kontakt avdeling for planarbeid:

Jan Magnus Ose 
Tlf: 70 07 49 94
E-post:
jan@mulvik.no